fredag, september 04, 2009

Rio de Janeiro



Endeleg vart det tid for den store reisa! Sjølv på flyet til Rio de Janeiro var det ikkje verkeleg, trur ikkje at det gjekk opp for oss før vi vakna i dag og såg rett på Ipanema-stranda. Begge var i ekstase då vi kom fram torsdagskveld, og såg det fantastiske staden der vi skulle bu dei neste dagane. Takk, Lars!


Roberto, Lars sin sjåfør, henta oss på flyplassen. Fredag morgon var han igjen klar, dinne gongen for å ta jentene med på sightseeing. Så alle dokke heime- vi he vorte køyrd rundt av privatsjåfør...


Ein super dag, der vi fyrst tok turen med "toget" (som Fløyen i Bergen) til Corcovado for å sjå på Kristus-statua. Mektig syn. Deretter suste vi ein tur til Santa Teresa. Vi rakk ikkje så mykje anna enn å ete... Det tok så lang tid med maten vår at andre gjestar såg på oss å peika. Men dei så kjenne Silje Cathrin veit at ho er ikkje den enklaste å ha med å gjere når ho er svolta, samt at ho er nok ganske lang i maska... Uten mat og drikke, duger helten ikke!


Før vi måtte heim og sove middag fekk vi tatt taubana til Sukkertoppen, Sugar Loaf Mountain. Der fekk vi tatt endå fleire utsiktsbilete.. Neste på programmet er sambaklubb i Lapa! Vi skal vere i Rio fram til mandag ca, etter det reise vi sørvest til Angra dos Reis, der vi skal segle langs Costa Verde-kysten og til øya Ihla Grande.

3 kommentarer:

ester sa...

høres ut som dere har det......ok.

Evy sa...

Oppdateeeeeeer (ja, eg veit det e fjortiskommentar, men e så kjekt å følga med;-)) Kosa dykk, å ta vare på kvarandre. Klem:-)

Eirin sa...

Kjekt å sjå at du kosar deg, kjære storesøster!
Størstelillesøster og tantunge Slimene Sneile skal forsøke å halde tritt med reisa di!
Vu bure kanskje kjøpt eit verdenskart og lært litt geografi i same slengen?

Ver forsiktig, vi e gla i deg!